Korleis søkje startlån

Det er kommunen din som tek imot og behandlar søknader om startlån.

Du kan søkje kommunen om lån til ein konkret bustad eller om ei førehandsgodkjenning.

Søknad om startlån skal sendast til og blir behandla av den kommunen du bur i, eller vil flytte til. (I Oslo blir søknaden behandla av den bydelen du bur i.) Hugs å leggje med all dokumentasjon - då går saksbehandlinga raskare.

Søknadsskjema finn du til høgre, i boksen "Verktøy og rettleiing". Søknadsskjema må skrivast ut for utfylling.

I nokre kommunar kan du søkje om startlån elektronisk. Sjekk om din kommune tilbyr elektronisk søknad.

Førehandsgodkjenning

Det er lurt å få ei førehandsgodkjenning på kor mykje du kan få i lån av banken din og av kommunen før du startar å leite etter bustad. Les meir om førehandsgodkjenning her.

Les også om:

Dokumentasjon på inntekter og utgifter

Klage på vedtaket

 

Opprettet: 15.11.2010 - Sist oppdatert: 10.05.2011