Lånevilkår for startlånet

I utgangspunktet følgjer renta på startlånet Husbankens rentevilkår, eventuelt med eit lite tillegg.

I utgangspunktet er det Husbankens rentevilkår som gjeld for startlånet. Kommunen kan likevel leggje til husbankrenta med 0,25 prosentpoeng til dekning av administrative kostnader. I tillegg kan kommunen krevje inn gebyr for å dekkje dei faktiske utgiftene til forvaltning av lånet.

Kommunen kan tilby gunstigare vilkår på sitt lån. 

Du må derfor ta kontakt med kommunen for å få vite kva lånevilkår som gjeld i din kommune.  
  
Dei fleste kommunar kan tilby både fast og flytande rente.

Les meir om Husbankens lånevilkår her.

 

Opprettet: 16.11.2010 - Sist oppdatert: 03.02.2011